onsdag 26. mars 2008

Refleksjon etter praksis.


Då var praksisen avslutta på 4. trinnet på Langeland Skule. Litt synd no når eg endeleg hadde lært meg namna på alle elevane. Det har vore 3 hektiske, men kjekke veker. Me har blant anna vore på skeisebanen, hatt "påskeverkstad", solidaritetsdag, og vore på turdag i skogen. Dagane har vore varierte, og det er noko eg trivest godt med. Og dette er ein av grunnane til at eg ynskjer å jobba i skulen.

Me har lært mykje, blant anna at det er viktig med godt samarbeid. Eg føler at eg ikkje har så mykje idear til korleis me kan gjera undervisninga kjekk og variert, men heldigvis har eg dei andre på praksisgruppa mi med mange idear. Eg trur ideane kjem i takt med sjølvtilliten min, og den er på veg opp.....
Å få auka sjølvtilliten min, hadde eg som mitt personlege mål denne perioden. Eg fekk gode tilbakemeldingar frå praksislærarane mine etter dei timane eg hadde ansvaret for, då aukar sjølvtilliten automatisk. Men eg har litt å jobba vidare med her enno!

Dette at ting tek tid, er òg noko eg må jobba vidare med. Det er ikkje gjort på nokre minutt å få over 40 elevar til å leggja på plass bøker i hylla, og henta dei bøkene dei skal ha leksa i, og leggja dei nedi sekken! Så der må eg verta flinkare til å berekna god tid.

Me skulle fokusera på IKT denne perioden. Og me på 4. trinnet, brukte iallefall data kvar veka. Fyrste veka tok me elevane med på ei reisa med Google Earth! Me hadde ommøblert klasserommet slik at det skulle sjå ut som om me var inne i eit fly. Elevane hadde om globus og kart, så dette var ein fin introduksjon syntest me. Det vart ein vellukka tur, der me tok eit stopp i kvar verdsdel! I tillegg var me var flyvertinnner som serverte kjeks til alle dei reisande!

Den andre veka hadde me stasjonsarbeid, der den eine stasjonen var å jobba på Gaia sine sider på internett. Her var det mange elevar som desverre ikkje kom inn på nettet før det hadde nesten gått 20 minutt av timen.......Men slik er det berre av og til.

Tysdagen i siste veka hadde me arbeidsplan, der ein av oppgåvene var å jobba på Cappelen sine norsksider på internett. Det fungerte fint!
Me hadde stasjonsarbeid på onsdagen i siste veka, og då var det å øva på gonging og deling på internett. Grethe hadde laga eit oppgåveark til elevane, så det gjekk fint og dei var ivrige!

Eg synest eg får god kontakt med elevane, og det gjev meg mykje!
Etter desse vekene har eg vorte endå meir sikker på at det er i skulen eg vil jobba!

onsdag 13. februar 2008

Ynskjeøkt spesialundervisning 11.02.08


Dette er eit interessant tema. Eg har høyrt om altfor mange tilfelle der elevar ikkje har fått den hjelpa dei treng/har rett på i løpet av åra dei går på skulen. Læraren/skulen har svikta viss det ikkje vert oppdaga før i 10. klasse at ein elev har t.d. dysleksi, meiner eg.
Og elevar som treng ekstrahjelp, bør få så mange timar dei har krav på, sjølv om kommunen har dårleg råd.
Det burde vore obligatorisk med spesialpedagogikk for alle lærarar. For dette er noko dei fleste lærarar vil koma borti.
Viss ein elev treng spesialundervisning, men foreldra meiner at det ikkje er noko "gale" med barnet sitt, kva gjer ein då? Då er det skuleleiinga/rektor som har ansvaret viss læraren ikkje når fram til foreldra. Dette har eg lurt på, så det var greitt å få eit svar på dette.

Me fekk sjå to filmar. Den fyrste var om ein nyutdanna lærar som fekk ein heller tøff start i skulen. Han var lærar i ein klasse med spesialelevar. Det eg beit meg mest merke i var at læraren var lite konsekvent, og kanskje litt for mykje "kamerat" med elevane. Men han var klar over "feila" sine, og det positive var at han hadde vilje til å gjera noko med det. Han gav ikkje opp, men han hadde mot! Det var noko Birgit understreka, at me ikkje måtte mista motet! Dei fleste kjem borti "tunge" dagar, men då gjeld det å sjå framover, og læra av "feila" sine.

Dette med integrering i skulen er eg litt oppteken av. Det går som regel greitt dei fyrste skuleåra. Men etter kvart som åra går, vert gapet mellom dei funksjonshemma og dei funksjonsfriske større. Ofte finn dei leikekameratar blant dei yngre klassane. Dette vert verre når dei kjem på ungdomsskulen. Då fell dei veldig ofte utanfor, og vert einsame. Viss det er fleire elevar med ein eller annan form for funksjonshemming, finn dei ofte selskap i kvarandre. Det kan ikkje vera lett å føla seg utanfor, og ha få eller ingen venner å vera med. Så i enkelte tilfelle trur eg dei hadde hatt det betre på spesialskular eller i spesialklassar.
Redigert 17.04.08:
I Imsen står det blant anna at i skulen skal det vera plass til alle, fordi alle elevar er likeverdige uansett evne og anlegg. Derfor er namnet "spesialundervisning" på veg ut, og kjem no inn under "tilpassa opplæring". Me må òg vera forsiktige med å setja "merkelapp" på elevar med lærevanskar. Som t.d. elevar med lese- og skrivevanskar har problem med å tilegna seg informasjon frå tekst, men fungerer godt på eit høgt intellektuelt nivå i mange andre samanhengar.

søndag 10. februar 2008

Sjølvbilete og attribusjonsteori 04.02.08




Sjølvbiletet er viktig for motivasjonen.
Skulen skal gje eleven eit godt grunnlag for vidare utvikling og opplæring. Me må ha omsorg for heile eleven.

Attribusjonsteori forklarar korleis invividet opplever årsakene til eiga åtferd (t.d. suksess og nederlag) og korleis slike opplevingar påverkar motivasjonen hans/hennar.

Indre attribusjon: Det som skjer med oss skuldast noko ved oss sjølve. (t.d. evne, innsats, strategi, eigne val)

Ytre attribusjon: Det som skjer med oss skuldast noko utanfor oss sjølve. (t.d. reglar, ”støtteapparatet”, flaks eller uflaks, oppgåva sin vanskegrad, kvaliteten på undervisninga)

Eg kjende meg att i undersøkinga mellom jenter og gutar si sjølvoppfatning.
Mange jenter seier ofte at det er flaks viss dei får ein god karakter på ein prøve. Det kan eg òg seia, men då for å prøva å vera litt morosam……
Gutar har kanskje meir sjølvtillitt sidan dei skuldar på gode evne…..

Redigert 17.04.08:

Sjølvbilete og sjølvtillit er ikkje det same, men dei går i kvarandre. Sjølvkjensle/sjølvbilete dreier seg om kva eleven tenkjer og føler om seg sjølv, uavhengig av kva han presterer. Så sjølv om ein elev er god i t.d. både matematikk og kroppsøving, kan han ha lågt sjølvbilete.

Sjølvtillit gjeld ofte på avgrensa område i livet til ein elev, medan sjølvbiletet gjeld heile personen. Sjølvtillit er viktig for motivasjonen, fordi ein er sjølvsagt meir motivert på område der ein veit ein kan klara å prestera noko.

Både lærarar (og foreldra) må sjå kvar einskild elev, og setja pris på dei som dei er. For det er ikkje slik at om ein aukar sjølvtilliten til kvar enkelt elev, vert sjølvbiletet deira automatisk betre.

Av og til kan ros verka skadeleg både for den indre motivasjonen og for sjølvkjensla. Ein elev kan t.d. gjera ein eksta innsats for å oppnå ros frå lærarar, foreldre og medelevar, men eigentleg hadde eleven ikkje interessa for det han gjorde i det heile.

På skulen er det viktig at me som lærarar er med på å dempa den sosiale samanlikninga, slik at elevane torer å vera seg sjølve. Å jobba mot eit godt læringsmiljø, der det er lov å feila. Slik kan elevane ha sin eigenverdi, uavhengig av prestasjonar.
Lærarar (og foreldra) må vera ekte og ta borna på alvor!

Vil anbefala denne lenkja:

http://www.elevsiden.no/psykiskhelse/1107989138

søndag 3. februar 2008

Motivasjon 28.01.2008




Hadde alle elevar hatt indre motivasjon hadde det vore lett å vore lærar. Indre motivasjon vil seia å ha interesse for ein aktivitet, og synast det er kjekt og meiningsfullt.

Men ofte er det ytre motivasjon som driv elevane. Ytre motivasjon vil seia at eleven får ei belønning når aktiviteten er gjennomført. Aktiviteten kan òg verta sett på som ei plikt, noko ein må.

Slik eg ser det er læraren ein viktig motivasjonsfaktor. Sjølv om ein elev ikkje er så interessert i eit fag, kan ein inspirerande lærar få elevane til å lika faget likevel.

Det er ulike måtar å forstå motivasjon på:
Behavioristisk: Då er belønninga motivasjonskjelda.
Kognitivistisk: Då er det indre drivet motivasjonskjelda.
Humanistisk: Indre motivasjon ut i frå behov, tryggleik og sjølvrespekt.

Revidert 09.02.08:

I teorien er det "lett" å skilja mellom ytre og indre motivasjon. Men det er ikkje så lett i praksis....
Av og til kan det vera ein kombinasjon av ytre og indre motivasjon som driv ein. Derfor kan me ikkje seia kva som er best av indre og ytre motivasjon, meiner eg!

Revidert 05.04.08:

Korleis kan me motivera ut i frå desse ulike teoriane:

Behavioristisk: T.d. at ein elev får spela data når han er ferdig med det han skal gjera, eller at heile klassen får sjå ein film i slutten av ei veka.

Kognitivistisk: Då er det trongen til å finna ut av noko, finna ei meining med ulike ting. Då kan me spela på elevane sine interesser kanskje. Viss me utfordrar dei innanfor eit tema dei er interessert i, vil dei vera meir naturleg motiverte for å finna ei løysing på oppgåva.

Humanistisk:

Alle elevar har fleire grunnleggjande behov som ligg bak motivasjonen. Viss dei ikkje er dekka, kan det gå utover motivasjonen. Som lærarar kan me t.d. leggja tilrette for eit inkluderande klasseromsmiljø. Det er svært viktig med trivsel på skulen, då vil det vera med på å auka motivasjonen til elevane.
Revidert 17.04.08:
Etter å ha jobba med Mons i den casen, fekk eg meir tankar om motivasjon. Prestasjonamotivasjon har i fylgje Imsen, to grunnleggjande tendensar. Lysten til å gå laus på ei oppgåva, og angsten for å mislukkast. (Atkinsons prestasjonsmotivasjonsmodell)
Kva skapar motivasjon?
Det er mange faktorar som kjem inn her, nokon verkar gjerne på ein elev, men ikkje på ein annan. Sjå kva einskild elev er det viktigaste, meiner eg. Lærarar må arbeida for å få eit varmt og inkluderande læringsmiljø. Læringsmiljøet er avgjerande for eleven sin motivasjon. Ha faste rutinar i skulekvardagen, slik at elevane er litt førebudde på kva som kjem, og at dei då kan føla seg trygge. Læraren kan vera med på å dempa samanlikning med andre elevar, ved t.d. ha fokus på korleis oppgåvene vert løyst. Gje konstruktive attendemeldingar! Slik at eleven kan nå dei personlege måla sine. Så utfordringane for lærarar er mange!
Arbeidsmetoden me prøvde ut i dag, var for så vidt grei. Eg kan ikkje ha fått med meg så mykje, sidan eg har måtta redigert dette innlegget mange gonger.......
Gruppeinndelinga var for komplisert, etter mi meining!
Her står det mykje bra om motivasjon:

lørdag 2. februar 2008

Samansett tekst


Veldig kjekk oppgåva! Men eg hadde aldri klart oppgåva utan Grethe! Så det er godt ho er tålmodig med meg!
Dei me ringte til var veldig positive og gav oss løyve til å bruka både musikk og bilete.
Me brukte movie maker, og det var tidkrevjande! To laaaange ettermiddagar og heile torsdagen gjekk med før me var i havn!
Men då var me godt fornøgde med verket!
Så no er det om å gjera at eg hugsar det eg lærte!

Punktpraksisdagane på Langeland Skule


Den fyrste dagen gjekk veldig greitt. Me var blant dei heldige studentane som fekk sjå korleis dei brukte data på 4. trinn. Dei hadde arbeidsplan, der ei av oppgåvene var å jobba med matematikk på data. Dei var stasjonert i klasserommet, og henta inn pc-ane frå mediateket. Ca. 15 pc-ar høyrer til 4. trinnet, og dei gjekk på omgang.

Planlegginga vår av neste punktpraksisdag gjekk òg greitt. Øvingslærarane våre sa at nettvettreglane hadde dei gått i gjennom, så det elevane trong å øva på var å skriva på data. Då fann me i praksisgruppa ut at elevane kunne skriva nettvettreglane på data, og i tillegg setja inn bilete som høvde til kvar regel.
Grethe kom med den gode idèen at me kunne slå i saman dramaoppgåva med denne dagen, så så lagde me eit dramaopplegg i tillegg.
Eg var nok ikkje fornøgd med min eigen innsats denne dagen. Eg var nok for lite førebudd til data-delen. Me kom i havn, men tilbakemeldingane gjekk òg på dette med betre førebuing.
Drama-delen var eg meir fornøgd med, men der hadde Grethe hovudansvaret.

mandag 14. januar 2008

Veke 2/2008


Fyrste dagen starta med undervisning i kva me har lov til (og ikkje lov til) å kopiera på internett.
Åndsverklova er viktig å ha i bakhovudet. Og det er viktig for oss å ta eit standpunkt til dette.
Det var fleire ting eg ikkje var klar over.........
Eg høyrde deretter på foredraget til Olav Torvund. Det varte i nesten ein time, så eg klarte ikkje å konsentrera meg 100% heile tida........Men det var mykje viktig informasjon, som gjekk på det same som nemnt ovanfor.

Det er òg viktig for oss som skal arbeida i skulen, å ta opp temaet nettvett med jamne mellomrom. Dei fleste elevar i alle aldrar treng påminning om kor grensene går med tanke på personlege opplysningar og å leggja ut bilete.

Torsdagen var det lyninnføring i teikneserielaging, pivot, moviemaker mm. Det er veldig kjekt å få læra dette, ser at det kan vera nyttig i undervisning mm.. Problemet for meg er å få tid til å setja meg inn i alt. Eg bør nesten kunna det sjølv, før eg kan læra det i frå meg......
Revidert 19.04.08:
Data og mobil er ikkje nye media for elevane. Bruk av digitale verktøy i skulen er ein av dei grunnleggjande dugleikane i alle fag etter LK06. Derfor må lærarar forhalda seg til dette.
Skulen i samarbeid med foreldra må prøva å påverka elevane til å få litt "sunn skepsis". Til å verta ein bevisst brukar og forbrukar av kommunikasjonsmedia. Det vil gjera dei sannsynlegvis tryggare.
Mobbing på nettet, anten det er på mobil eller MSN, kan ikkje tolererast. Her må me vera tydelege. Få elevane til å tenkja seg om. Det er lettare å skriva stygge ting til kvarandre, enn å seia det direkte. Her må me prøva å få litt empati inn.
Det er mykje positivt med data/internett. Me må læra elevane dei mogelegheitane som ligg der.
Dette krev mykje av lærarane, at dei heile tida oppdaterer seg. Her er det nok store skilnader.
Å jobba på data kan vera ein fin variasjon i undervisninga. Og det kan verta nytta som belønning. Misbruk vil det alltid vera. Lærarane må vera tydelege, og bestemma kortid elevane skal/ikkje skal nytta data.