tirsdag 30. oktober 2007

Oppsummering læringsteoriar 29.10.07


Eg vart litt skuffa over meg sjølv i dag, eg følte at eg lærte mykje då eg såg på dei ulike framføringane. Det virka ikkje slik i dag.....eg følte meg veldig usikker under oppsummeringa.

Håpar at notatane kan hjelpa meg, slik at eg får ein viss oversikt etter kvart.

Det er tungt stoff, så eg treng nok å jobba mykje meir med dette, før det sit som det skal.

Økta på datalaben var nyttig. Eg gjekk heim etterpå for å prøva ut noko av det me lærte. Eg er ein person som treng litt tid, så det gjekk litt fort i svingane i timen.
Øving gjer meister heiter det visst, så no må eg berre halda fram.


Revidert 19.04.08:


Då me fekk utdelt matte/ped. oppgåva, verka ho litt overveldande på meg. Eg er ikkje "ei oppkome" av idear, så det er noko eg treng litt tid på. Valet enda på stasjonsarbeid med multiplikasjon og divisjon som tema. Undersøkingslandskapet me skulle freista å få til, var nok ei medverkande årsak til at eg ikkje heilt visste kva eg skulle gjera. Eg hadde ikkje vore borti undersøkingslandskap før, og følte meg nok litt usikker. Eg syntest nok denne oppgåva tok for mykje fokus i praksisperioden. Det hadde vore nok for meg å berre ha planlagt og hatt ansvar for dei andre timane. Eg var veldig spent og usikker i den praksisperioden, eg trong tid til å verta kjent med både elevar, øvingslærarane og skulen. Eg var veldig nervøs då me skulle utføra stasjonsarbeidet eg hadde planlagt, men ikkje prøvd ut før. Hadde eg hugsa på alt? Tenk viss det og det skjedde? Slike tankar hadde eg i hovudet, men eg overlevde og det gjekk bra! Eg trur eg hadde likt betre å få ei slik oppgåva i praksisperioden etter jul.




onsdag 17. oktober 2007

Læringsteoriar!


No har me kome godt i gong med arbeidet om læringsteoriar.
Det fyrste me gjorde var å fordela det me skulle lesa. Me skulle konsentrera oss om 3 teoretikarar kvar, ein fekk 2.
Etter ein samtale med Birgit på tysdag, måtte me endra litt på det me i utgongspunktet hadde tenkt å presentera.
For å bruka Birgit sine ord er eg no på veg til å få ei gryande forståing for dei ulike læringsteoriane. Det er litt tungt stoff, og mange nye ord å læra. Håpar eg får dei inn etter kvart.
Lærerikt og kjekt å få jobba med dette!

Revidert 23.10.07:

Framføringa
gjekk fint. Eg er mest fornøgd med at me lagde song, sidan ingen andre til no har gjort det!
Kjekt å sjå dei andre framføringane. Det lærte eg mykje av.
Revidert 19.04.08:
I fylgje Birgit er eit pedagogisk grunnsyn den røyndomsoppfattinga , dei kunnskapar, verdiar og haldningar som ligg til grunn for all pedagogisk verksemd. I ei personalgruppa på ein skule vil ein aldri vera 100 % einige om alt, men det er viktig å einast om ein felles "plattform" eller ståstad.
Læringssyn er det synet me har på korleis individet lærer.
Eg trudde me skulle utvikla eit pedagogisk grunnsyn i løpet av studietida. For eg er ikkje heilt sikker på kor er høyrer heime enno. I grunnen er eg litt eining med fleire av desse teoretikarane. Og eg har ikkje funne ein teori som eg støttar 100%.
Belønning og straff høyrer heime i behavioristisk teori. Eg meiner at det må alltid vera litt belønning og straff i skulen. Alt med måte og innanfor visse grenser. I spesialundervisning er dette ein metode som er mykje nytta.
Så er eg litt einig med Piaget og adaptasjonsprosessen:
"Adaptasjonsprosessen består av to hovedprosesser: assimilasjon og akkomodasjon som har til formål å skape likevekt (ekvilibrium). Dette er i seg selv motiverende og fører til læring."
Viss ein elev er veldig interesset i eit tema, vert han automatisk meir ivrig til å læra meir om dette temaet. Eleven er då interessert i å utvida/utvikla det skjemaet han allereie har. Eg synest dette høyrer saman med indre motivasjon. Denne eleven vil då ha ein indre motivasjon, ei indre drivkraft til å læra seg meir på dette området.
Dewey vart kjent for "learning by doing". Mange elevar lærer best ved å få praktisera, og gjera ulike aktivitetar. På fleire område er dette viktig. Konkretisering er ikkje berre viktig i småskulen.
Vygotsky og den proksimale utviklingssona, som er nivået mellom det eleven kan klara åleina, og det eleven kan klara med hjelp frå lærar evt. andre. Her kjem òg Bruner og stillasteorien inn. Me som lærarar skal tilby elevane hjelp slik at dei kan meistra nye oppgåver. Etterkvart som eleven meistrar oppgåvene, skal læraren trekkja seg vekk. Me skal vera der når det er behov for det. Dette er viktig, synest eg.
Er det lov/går det an å vera einig med så mange ulike teoretikarar?
Gruppearbeidet var utfordrande og spanande. Eg følte me vart kasta ut i ei stor oppgåva, som me ikkje var heilt sikre på korleis me skulle løysa. Me kom no i gang, og var stort sett einige om korleis me skulle gjera det. Eg har i alle fall lært at ved å samarbeida kjem ein stort sett i mål!
Og at me lærer av kvarandre.

torsdag 4. oktober 2007

Å leia basisgruppa på læringsarenaen 01.10.07


Denne rolla samanlikar eg med foreldrerollen. I begge rollane treng borna tydelege vaksne. Me skal ha klare grenser, og viss dei vert brotne vert det konsekvensar.

Me skal ha gjensidig respekt, men ikkje slik at borna vert redd den vaksne. Som vaksne er me
rollemodellar, og vert fort gjennomskua av borna viss me ikkje meiner det me seier.

Og visa empati for borna er viktig. Borna kan oppleva ting i heimen som t.d. skilsmisse, noko som kan påverka dei i skulesituasjonen. Mobbing er noko me må ta tak i med ein gong.

Samfunnet vårt i dag er i stadig endring, med tanke på t.d. data. Her må me vera ekstra observante på at borna kan misbruka bruken av SMS, mail og MSN.

Eit lurt tips me fekk var å få foreldra "med seg." På fyrste foreldremøtet om hausten, kunne me be om at foreldra ikkje snakka negativt om verken skulen eller lærarar. Elevane snappar opp nok kritikk frå andre eller gjennom media.

Viss me då i lærarrollen har kontroll på det faglege i tillegg til dette, vil eg tru me vil lukkast.
Dei færraste klarar kanskje alt dette i starten, men mykje vil koma med aukande erfaring.

Eg lærte fleire nye arbeidsmetodar, t.d. bifrost og story line. Dette var gode tips til me skal ut i praksis igjen.

torsdag 13. september 2007

Observasjon 10.09.07


No når me skal ut i praksis, og seinare i læraryrket, er det viktig å vera observerande.
Me må observera kvar einskild elev, elevar i grupper, og omgjevnaden deira.
Utifrå det me observerer kan me få svar på ting me lurer på. Me klarar ikkje å observera alt på ein gong, derfor må me velja ut noko me vil fokusera på.

Me kan bruka ulike observasjonsmetodar t.d. logg, intervju, notat mm. Når me er ferdige med å observera, skal me finna ut kvar observasjonen fortel oss. Då må me vera merksame på at det går an å tolka resultatet ulikt. Me må prøva å unngå feiltolking.

Sjølv kor gode me er/vert til å observera, kan det likevel vera ting me ikkje får med oss.
Eit godt tips me fekk til me skal ut å jobba i skulen var å få elevane til å skriva logg kvar veka om det dei har opplevd på skulen. Då kan me som lærarar kanskje fanga opp ting i loggen deira, som kan ha"gått oss hus forbi".

Revidert 25.09.07:

Artikkelen om persepsjon var interessant den. Om eg lærte noko nytt er eg ikkje sikker på. Mykje av det me observerer går automatisk, me tenkjer ikkje over kvar me eigentleg gjer. Dessutan var det mange vanskelege ord i artikkelen, som gjer at eg "dett litt av lasset" innimellom.

Revidert 02.04.08:

Forventningane mine til observasjonspraksis er store. Eg gler meg, det er kjekt å få verta kjent med nye elevar. Sidan me ikkje skal ha noko ansvar no, kjem eg nok ikkje til å kvi meg. Det vert nok meir "skummelt" dei neste 2 vekene.
Det vert mykje å setja seg inn i, kva rutinar dei har og korleis dei gjer ulike ting. Eg er glad eg har vore litt vikar i skulen, slik at eg ikkje er heilt fersk.
Det vert spanande å verta kjent med øvingslærarane òg, dei skal me jo samarbeida med mykje dette året!
Å observera i skulen er svært viktig. Observasjon av elevane kan gje oss mykje nyttig informasjon. Korleis tenkjer dei? Kva gjer dei i ulike situasjonar? osv...Viss ein lærarar observerer noko som ikkje er bra, må han bry seg og gripa inn om det er nødvendig.

torsdag 6. september 2007

Læraren sitt mandat og mange oppgåver 05.09.07


I dag kunne me få panikk med tanke på kor mange oppgåver ein lærar har. Dei fleste oppgåvene visste eg om frå før. Eg vel å tenkja at me lærer etterkvart, dess meir erfaring/praksis me får. Å spørja andre meir erfarne lærarar om hjelp, kan me læra mykje av i starten, vil eg tru.
Ei av dei viktigaste oppgåvene til ein lærar, er å BRY seg. Bry seg om alle elevane. Bry seg om dei svake elevane, med å laga eige opplegg som dei kan klara. Bry seg om dei fagleg sterke elevane som treng meir utfordringar. Dette er nok tidkrevjande, og ikkje alltid like lett, men det bør vera eit mål.
Læraryrket er krevande, men tenk på kor mykje me får att! Å verta kjende med så mange ulike elevar! Det veg nok opp for dei vanskelege oppgåvene, trur eg.
Ei av dei vanskelegaste oppgåvene til ein lærar må vera plikta å melda i frå om mistanke om omsorgssvikt. Håpar eg kjem sjeldan borti slike tilfelle, men det er nok ikkje reellt å tru at me aldri vil møta denne problemstillinga.
Eit spørsmål eg sit att med er kva me gjer i ein situasjon der skulen meiner ein elev har fagleg problem, medan heimen seier det motsette. Kan me som lærarar ikkje gjera noko for denne eleven då?
Lærarar må òg fylgja oppl.lova og læreplanar. Læreplanen er eit godt hjelpemiddel når me skal planleggja undervisninga. Den finn me det elevane skal læra i kvart klassetrinn. Det er eit godt utgongspunkt.
Eg lærte mykje nytt i det å verta ein god nettjeger. Det var mange nyttige tips å ta med seg.
Det skal eg prøva å bruka framover.
Eg har ikkje fått lese alle lenkjene som vart anbefalt enno, men eg har planar om å gjera det.

tirsdag 28. august 2007

Ei lærarinne eg hugsar godt!


Liv var lærarinna mi i frå 1. klasse til og med 6. klasse.
Ho hadde ei anna dialekt enn oss. Eg kan hugsa at ho ikkje klarte å "skarra" på bokstaven r, slik som me gjer.
Ho hadde på seg bukser med påsydde lommer framme, og med sleng. Dei hadde ho sydd sjølv. Mannen hennar Asbjørn, som òg var lærar på skulen, brukte òg desse heimesydde buksene.
Liv var flink til å læra i frå seg, og ho fann på mange kjekke ting som t.d. tavleleiken.
Spesielt godt likte eg ein konkurranse ho hadde med oss i gongetabellen: To elevar stod framme, og det var om å gjera å vera snarast med å seia rett svar på den gongen ho sa. Den som svara raskast, vart ståande, den andre måtte gje plassen sin til neste elev.
Sidan me hadde Liv i 6 år, var me nok litt lei av ho (kvarandre?) det siste året. Etter at me hadde byrja på ungdomsskulen vart det fort gløymt. Eg og to venninner gjekk til og med på besøk til Liv på fødselsdagen hennar etterpå. Så eit visst inntrykk har ho nok gjort!

mandag 27. august 2007

Pedagogikk 27.08.07


I ped.timane i dag vart det snakka om kommunikasjon, om kor viktig det er. Eg har aldri tenkt over kor mykje kroppsspråket vårt eigentleg betyr. No når me skal snart ut i praksis, er det svært viktig at me ikkje seier ein ting, og røper med kroppsspråket vårt at me ikkje meiner det me seier.Elevane ville ha oppdaga det med ein gong. All kommunikasjon vert tolka, så det kan lett verta misforståingar viss me ikkje får fram den bodskapen me ynskjer. Som lærarar er det òg svært viktig å beherska seg. (Sjølv om ein har ein dårleg dag, og har lyst til å eksplodera.)

Læraren vår Birgit gjer timane kjekke og interessante. Ho kjem med mange døme som gjer at me forstår/kjenner oss att.

I siste del av dagen skulle me mima. Då fekk me merka at det er ikkje lett når me BERRE skal uttrykkja oss med kroppsspråket. Det er alltid kjekt å få leika litt!

Me slutta av i praksisgruppene, der me skulle finna 10 køyrereglar for arbeidet vårt, som skal leverast inn i slutten av veka.

Redigert 02.04.08:

Samarbeid og kommunikasjon er utruleg viktig for lærarar. Både når det gjeld samarbeid mellom elev/lærar og lærar/foreldre og kollegaer. Viss ein som lærar ikkje har god kontakt med elevane, kan ein ikkje gje dei den hjelpa dei har krav på å få. Det er viktig å sjå den enkelte eleven.
Kontakten med foreldra er òg viktig, det er foreldra som har hovudansvaret for oppsedinga. Me som lærarar skal hjelpa til. Då er det til eleven sitt beste at det samarbeidet fungerar godt.

I dag er det vanleg med teamarbeid i skulen. Lærarar på same trinn samarbeidar om vekeplanar, lekseplanar mm.. Viss dette samarbeidet ikkje fungerar slik det skal, merkar både elevane og andre kollegaer dette.
Fordelen med teamarbeid er at det er fleire som kjem med idear til korleis undervisninga kan vera. Og at ein er fleire vaksne viss ein skal på turar o.l.. Ein har òg alltid nokon å spørja om råd, og nokon å diskutera ulike ting med.