lørdag 8. desember 2007

Animasjon og bilethandsaming 3.12.07












Slik ser den dansande figuren min ut!

Eit nyttig kurs på datalabben i dag! Men det går litt fort i svingane for meg. Eg skal bruka juleferien til å trena på å bruka det me lærte i dag. Forhåpentlegvis vil det då gå betre. Då har eg to døtre som kan hjelpa meg, viss eg står fast!

Det er kjekt å få slike kurs, eg ser det er mykje kjekt me kan nytta det til. Både i skulesamanheng og ellers!







torsdag 6. desember 2007

Praksisoppsummering 26.11.07


Dagen starta med ein fin tur, sjølv om veret ikkje var det heilt beste.

Me delte ulike erfaringar, medan me koste oss med dei gode vaflene til Birgit!

Mange hadde erfart det same, som t.d. at det var alltid lurt å ha noko i bakhand. Slik at viss me vart tidlegare ferdige med undervisninga enn me hadde planlagt, hadde me litt ekstra for dei som trong det. For det var vanskeleg å berekna kor lang tid me kom til å bruka.

Dette var ein sosial og kjekk dag!

onsdag 28. november 2007

Praksis på Langeland Skule/Observasjonspraksis


Så var det tilbake på skulebenken etter to veker med praksis.
Det har vore to travle, men kjekke veker. På førehand var eg meir nervøs enn eg hadde trudd.
Eg synest det var "skummelt" å planleggja timar, for det var så mykje å tenkja på. Det skal vera både mål og meining med alt me gjer! Følte i tillegg at eg ikkje hadde/har så mange idear til korleis me kunne undervisa på. Då er det godt å ha ei praksisgruppa å støtta seg til.
Eg har vore vikar i skulen før, så no såg eg kor "sutalaust" det er å koma til ferdig opplegg!
Håpar eg får meir idear etter kvart.
Det som òg var vanskeleg, var å berekna kor lang tid me kom til å bruka på det me hadde planlagt. Det er betre å ha litt for mykje, fann eg ut. Fleire gongar tok eg i bruk gongesongane som Grethe hadde lært oss, viss me hadde litt tid til overs. Elevane likte dei veldig godt!

Kontakten med elevane er det kjekkaste, me får så mykje att!!!

Observasjonspraksis:

Me var 4 dagar i observasjonspraksis. Den eine dagen fekk eg vera med 4. trinn på tur til Fitjar, på SIM. Der lærte me mykje nyttig om boss, eg fekk nok litt dårleg samvit for enkelte ting etterpå.....
Eg observerte ikkje enkelt elevar, men prøvde å finna ut korleis dei organiserte dagane sine.
Sidan dei har eit storklasserom med 46 elevar, var orden og system viktig. Nye ting var gjennomgått i samlingane, då var trinnet delt i 2. Etterpå gjekk dei tilbake til pultane sine og jobba der.
Dette med storklasserom er nok ein nyttig erfaring å ta med seg, men eg trur det er betre å ha 2 klasserom til så mange elevar.
Prøvde å læra med namna til elevane denne veka, men klarte ikkje så mange etter 4 dagar.

torsdag 8. november 2007

Undervisningsplanlegging 05.11.07


Å planleggja ei undervisningsøkt er mykje arbeid. Alt skal vera begrunna.
Kva, kvifor, og korleis er nyttige ord å ha i bakhovudet då.
Den didaktiske relasjonsmodellen, seier at planlegging og undervisning heng saman.

Det er viktig å vera godt førebudd til timane. Men ein god lærar må òg kunna endra på undervisninga undervegs, viss noko ikkje fungerte som det skulle.

Diamantskjemaet til Langeland er oversiktleg, og til god hjelp for oss nybyrjarar.

Viss me klarar å planleggja utifrå MAKVISE prinsippa:

Motivera,
Aktivisera,
Konkretisera,
Variera,
Individualisera,
Samarbeida,
Evaluera,

vil me kanskje få til ei god undervisning.......

Lurer på korleis lærarar klarar å hugsa alt.....
Eg vel å tru at med litt erfaring, går alt så mykje betre?
No er det mange tankar som surrar oppi hovudet mitt.
Håpar ting dett på plass etter kvart!
Revidert 19.04.08:
I fylgje Lyngsnes og Rismark har den didaktiske relasjonsmodellen seks kategoriar. Mål, innhald, læringsaktivitetar, vurdering, rammefaktorar og elevforutsetningar.
Etter å ha vore i praksis har me no fått erfara kor godt hjelpemiddel diamantskjema er for oss nybyrjarar. Det hjelper oss til å få ein oversikt på det meste. Det fyrste me må tenkja på når me skal planleggja ei økt eller ein time, er kva fag og tema ein skal ha. Deretter må me finna ut kva LK06, den generelle delen av læreplanen, og læringsplakaten seier om det emnet. Dei grunnleggjande dugleikane må me heile tida ha i bakhovudet. Så måtte me finna eit opplegg, og prøva å skriva kor lang tid me rekna med kvar ting ville ta. Me erfarte at me alltid måtte ha noko i reserve, for det hendte ofte at elevar vert fortare ferdige enn det me trudde. Det hendte òg at me hadde planlagt for mykje for ein time, slik at me ikkje kom igjennom alt me hadde tenkt. Me måtte ha eit konkret mål for timen. Og så måtte me bestemma om elevane skulle jobba individuelt, eller i grupper. Og eventuelt setja opp gruppeinndelinga på førehand. Variasjon var eit nøkkelord. Elevane vart ofte urolege viss dei skulle sitja lenge med det same. Rammefaktorane spelar òg inn. Det vil seia at me må ta omsyn til t.d. elevtal, utstyr mm. Me fekk vurdering på førehand av opplegget av øvingslærarane. Dei kunne då koma med gode råd og tips. Eg spurte mykje på førehand, for eg likar "å gjera ting rett", og å ha kontroll. Det som var veldig lærerikt var evalueringa og refleksjonane etterpå. Gjekk alt etter planen, evt. kvifor ikkje? Kva ville me ha gjort annaleis ein annan gong? Enkelte ting må berre erfarast.

tirsdag 30. oktober 2007

Oppsummering læringsteoriar 29.10.07


Eg vart litt skuffa over meg sjølv i dag, eg følte at eg lærte mykje då eg såg på dei ulike framføringane. Det virka ikkje slik i dag.....eg følte meg veldig usikker under oppsummeringa.

Håpar at notatane kan hjelpa meg, slik at eg får ein viss oversikt etter kvart.

Det er tungt stoff, så eg treng nok å jobba mykje meir med dette, før det sit som det skal.

Økta på datalaben var nyttig. Eg gjekk heim etterpå for å prøva ut noko av det me lærte. Eg er ein person som treng litt tid, så det gjekk litt fort i svingane i timen.
Øving gjer meister heiter det visst, så no må eg berre halda fram.


Revidert 19.04.08:


Då me fekk utdelt matte/ped. oppgåva, verka ho litt overveldande på meg. Eg er ikkje "ei oppkome" av idear, så det er noko eg treng litt tid på. Valet enda på stasjonsarbeid med multiplikasjon og divisjon som tema. Undersøkingslandskapet me skulle freista å få til, var nok ei medverkande årsak til at eg ikkje heilt visste kva eg skulle gjera. Eg hadde ikkje vore borti undersøkingslandskap før, og følte meg nok litt usikker. Eg syntest nok denne oppgåva tok for mykje fokus i praksisperioden. Det hadde vore nok for meg å berre ha planlagt og hatt ansvar for dei andre timane. Eg var veldig spent og usikker i den praksisperioden, eg trong tid til å verta kjent med både elevar, øvingslærarane og skulen. Eg var veldig nervøs då me skulle utføra stasjonsarbeidet eg hadde planlagt, men ikkje prøvd ut før. Hadde eg hugsa på alt? Tenk viss det og det skjedde? Slike tankar hadde eg i hovudet, men eg overlevde og det gjekk bra! Eg trur eg hadde likt betre å få ei slik oppgåva i praksisperioden etter jul.




onsdag 17. oktober 2007

Læringsteoriar!


No har me kome godt i gong med arbeidet om læringsteoriar.
Det fyrste me gjorde var å fordela det me skulle lesa. Me skulle konsentrera oss om 3 teoretikarar kvar, ein fekk 2.
Etter ein samtale med Birgit på tysdag, måtte me endra litt på det me i utgongspunktet hadde tenkt å presentera.
For å bruka Birgit sine ord er eg no på veg til å få ei gryande forståing for dei ulike læringsteoriane. Det er litt tungt stoff, og mange nye ord å læra. Håpar eg får dei inn etter kvart.
Lærerikt og kjekt å få jobba med dette!

Revidert 23.10.07:

Framføringa
gjekk fint. Eg er mest fornøgd med at me lagde song, sidan ingen andre til no har gjort det!
Kjekt å sjå dei andre framføringane. Det lærte eg mykje av.
Revidert 19.04.08:
I fylgje Birgit er eit pedagogisk grunnsyn den røyndomsoppfattinga , dei kunnskapar, verdiar og haldningar som ligg til grunn for all pedagogisk verksemd. I ei personalgruppa på ein skule vil ein aldri vera 100 % einige om alt, men det er viktig å einast om ein felles "plattform" eller ståstad.
Læringssyn er det synet me har på korleis individet lærer.
Eg trudde me skulle utvikla eit pedagogisk grunnsyn i løpet av studietida. For eg er ikkje heilt sikker på kor er høyrer heime enno. I grunnen er eg litt eining med fleire av desse teoretikarane. Og eg har ikkje funne ein teori som eg støttar 100%.
Belønning og straff høyrer heime i behavioristisk teori. Eg meiner at det må alltid vera litt belønning og straff i skulen. Alt med måte og innanfor visse grenser. I spesialundervisning er dette ein metode som er mykje nytta.
Så er eg litt einig med Piaget og adaptasjonsprosessen:
"Adaptasjonsprosessen består av to hovedprosesser: assimilasjon og akkomodasjon som har til formål å skape likevekt (ekvilibrium). Dette er i seg selv motiverende og fører til læring."
Viss ein elev er veldig interesset i eit tema, vert han automatisk meir ivrig til å læra meir om dette temaet. Eleven er då interessert i å utvida/utvikla det skjemaet han allereie har. Eg synest dette høyrer saman med indre motivasjon. Denne eleven vil då ha ein indre motivasjon, ei indre drivkraft til å læra seg meir på dette området.
Dewey vart kjent for "learning by doing". Mange elevar lærer best ved å få praktisera, og gjera ulike aktivitetar. På fleire område er dette viktig. Konkretisering er ikkje berre viktig i småskulen.
Vygotsky og den proksimale utviklingssona, som er nivået mellom det eleven kan klara åleina, og det eleven kan klara med hjelp frå lærar evt. andre. Her kjem òg Bruner og stillasteorien inn. Me som lærarar skal tilby elevane hjelp slik at dei kan meistra nye oppgåver. Etterkvart som eleven meistrar oppgåvene, skal læraren trekkja seg vekk. Me skal vera der når det er behov for det. Dette er viktig, synest eg.
Er det lov/går det an å vera einig med så mange ulike teoretikarar?
Gruppearbeidet var utfordrande og spanande. Eg følte me vart kasta ut i ei stor oppgåva, som me ikkje var heilt sikre på korleis me skulle løysa. Me kom no i gang, og var stort sett einige om korleis me skulle gjera det. Eg har i alle fall lært at ved å samarbeida kjem ein stort sett i mål!
Og at me lærer av kvarandre.

torsdag 4. oktober 2007

Å leia basisgruppa på læringsarenaen 01.10.07


Denne rolla samanlikar eg med foreldrerollen. I begge rollane treng borna tydelege vaksne. Me skal ha klare grenser, og viss dei vert brotne vert det konsekvensar.

Me skal ha gjensidig respekt, men ikkje slik at borna vert redd den vaksne. Som vaksne er me
rollemodellar, og vert fort gjennomskua av borna viss me ikkje meiner det me seier.

Og visa empati for borna er viktig. Borna kan oppleva ting i heimen som t.d. skilsmisse, noko som kan påverka dei i skulesituasjonen. Mobbing er noko me må ta tak i med ein gong.

Samfunnet vårt i dag er i stadig endring, med tanke på t.d. data. Her må me vera ekstra observante på at borna kan misbruka bruken av SMS, mail og MSN.

Eit lurt tips me fekk var å få foreldra "med seg." På fyrste foreldremøtet om hausten, kunne me be om at foreldra ikkje snakka negativt om verken skulen eller lærarar. Elevane snappar opp nok kritikk frå andre eller gjennom media.

Viss me då i lærarrollen har kontroll på det faglege i tillegg til dette, vil eg tru me vil lukkast.
Dei færraste klarar kanskje alt dette i starten, men mykje vil koma med aukande erfaring.

Eg lærte fleire nye arbeidsmetodar, t.d. bifrost og story line. Dette var gode tips til me skal ut i praksis igjen.