onsdag 17. oktober 2007

Læringsteoriar!


No har me kome godt i gong med arbeidet om læringsteoriar.
Det fyrste me gjorde var å fordela det me skulle lesa. Me skulle konsentrera oss om 3 teoretikarar kvar, ein fekk 2.
Etter ein samtale med Birgit på tysdag, måtte me endra litt på det me i utgongspunktet hadde tenkt å presentera.
For å bruka Birgit sine ord er eg no på veg til å få ei gryande forståing for dei ulike læringsteoriane. Det er litt tungt stoff, og mange nye ord å læra. Håpar eg får dei inn etter kvart.
Lærerikt og kjekt å få jobba med dette!

Revidert 23.10.07:

Framføringa
gjekk fint. Eg er mest fornøgd med at me lagde song, sidan ingen andre til no har gjort det!
Kjekt å sjå dei andre framføringane. Det lærte eg mykje av.
Revidert 19.04.08:
I fylgje Birgit er eit pedagogisk grunnsyn den røyndomsoppfattinga , dei kunnskapar, verdiar og haldningar som ligg til grunn for all pedagogisk verksemd. I ei personalgruppa på ein skule vil ein aldri vera 100 % einige om alt, men det er viktig å einast om ein felles "plattform" eller ståstad.
Læringssyn er det synet me har på korleis individet lærer.
Eg trudde me skulle utvikla eit pedagogisk grunnsyn i løpet av studietida. For eg er ikkje heilt sikker på kor er høyrer heime enno. I grunnen er eg litt eining med fleire av desse teoretikarane. Og eg har ikkje funne ein teori som eg støttar 100%.
Belønning og straff høyrer heime i behavioristisk teori. Eg meiner at det må alltid vera litt belønning og straff i skulen. Alt med måte og innanfor visse grenser. I spesialundervisning er dette ein metode som er mykje nytta.
Så er eg litt einig med Piaget og adaptasjonsprosessen:
"Adaptasjonsprosessen består av to hovedprosesser: assimilasjon og akkomodasjon som har til formål å skape likevekt (ekvilibrium). Dette er i seg selv motiverende og fører til læring."
Viss ein elev er veldig interesset i eit tema, vert han automatisk meir ivrig til å læra meir om dette temaet. Eleven er då interessert i å utvida/utvikla det skjemaet han allereie har. Eg synest dette høyrer saman med indre motivasjon. Denne eleven vil då ha ein indre motivasjon, ei indre drivkraft til å læra seg meir på dette området.
Dewey vart kjent for "learning by doing". Mange elevar lærer best ved å få praktisera, og gjera ulike aktivitetar. På fleire område er dette viktig. Konkretisering er ikkje berre viktig i småskulen.
Vygotsky og den proksimale utviklingssona, som er nivået mellom det eleven kan klara åleina, og det eleven kan klara med hjelp frå lærar evt. andre. Her kjem òg Bruner og stillasteorien inn. Me som lærarar skal tilby elevane hjelp slik at dei kan meistra nye oppgåver. Etterkvart som eleven meistrar oppgåvene, skal læraren trekkja seg vekk. Me skal vera der når det er behov for det. Dette er viktig, synest eg.
Er det lov/går det an å vera einig med så mange ulike teoretikarar?
Gruppearbeidet var utfordrande og spanande. Eg følte me vart kasta ut i ei stor oppgåva, som me ikkje var heilt sikre på korleis me skulle løysa. Me kom no i gang, og var stort sett einige om korleis me skulle gjera det. Eg har i alle fall lært at ved å samarbeida kjem ein stort sett i mål!
Og at me lærer av kvarandre.

2 kommentarer:

Håvard Haga sa...

Da var godt at dåke bruka song Anna Kristin! Må sei da piffa framføringa godt opp. Det sosiokulturelle synet blei fint vist i dramaturgien dykkar.

Men har song så mykje med det sosiokulturelle synet og gjera? :) Evt korleis kan du forklara det?

I 6.trinn på Langeland Skule, brukar dei alltid song om morningane, dette fungerar ikkje berre på eit pedagogisk plan faglig, men bidrar også til at elevane får roa seg ned, og kan starta dagen på ein skikkeleg måte.
Song er heilt sikker eit middel som er bruka for lite i skulen. Til og med på videregåande skule hadde me ein lærar som fekk oss til å synga i blant, dette var veldig forfriskande for oss!

Anna Kristin sa...

Hei!

Me samarbeidde då me skreiv teksten til songen.Og songen vart framført av gruppa i lag.
Då vil eg påstå at det er i tråd med det sosiokulturelle læringssynet!?!

Mvh Anna Kristin