mandag 28. april 2008

Refleksjonsnotat!


I starten av året var eg kanskje litt skeptisk til blogginga. Framleis har eg ikkje funne den ”stemma” som Birgit snakkar om. Likevel er eg ikkje i tvil om dette er ein god måte å læra pedagogikk på. Sjølv om det er tidkrevande både for elevar, og ikkje minst for læraren. Ved å lesa andre sine bloggar, har eg lært mykje. På den måten har eg funne ut at det er fleire måtar å sjå ting på.
Eg har lært mykje om samarbeid, både på skulen og i praksisperiodane. Eg er så heldig å få vera i ei praksisgruppa som fungerer godt. Mange gonger i ” kampens hete” har eg tenkt at denne oppgåva hadde eg aldri klart åleina. Eg har følt meg trygg i gruppa, og det er eit godt utgongspunkt. Då kvir ein seg ikkje for å stilla ”dumme” spørsmål. Og viss ein er usikker på noko, kan kanskje dei andre på gruppa hjelpa til.
I praksisperiodane har me vore i eit såkalla storklasserom. Der òg er det svært viktig med godt samarbeid. Samarbeid er krevjande, og forutset god kjemi mellom dei som skal arbeida så tett. Det krev òg at me må ta omsyn til kvarandre. Ein må gje og ta. Det er ikkje sikkert at ein kan få gjennomført ideane sine heilt slik ein har tenkt alltid.
Det finst mange positive sider med eit slikt samarbeid òg. Fleire hovud tenkjer ofte betre enn eitt. Idear til korleis ein kan variera undervisninga er eitt døme. Ein kan diskutera vanskelege saker med dei andre. Då er det kanskje lettare å sjå det i frå fleire sider.
Samarbeid heng saman med kommunikasjon. God kommunikasjon fører ofte til godt samarbeid. Som lærarar skal me ha godt samarbeid med både elevane og foreldra.
Samarbeid kan me kopla til sosiokulturell teori. Vygotsky sa at ein lærer mest og best i sosialt samspel.

Motivasjon fekk me jobba mykje med i høve casen med Mons. Det var både lærerikt, og nyttig. Eg trur det fins nesten ein ”Mons” i kvar klasse, så dette er noko me sikkert vil koma borti. Alle elevar er ulike, og vert motivert på ulike måtar. Derfor må lærarar observera kvar einskild elev, og byggja opp eit tillitsforhold til kvar og ein. Då har ein eit godt grunnlag til å byggja vidare på. Fyrst då kan ein finna ut kva den einskilde eleven treng av motivasjon. Her må eg nemna variasjon av undervisninga att. Dette er ein av grunnane til at ein må ha variert undervisning i løpet av ein dag. Slik at kvar elev kan oppleva meistring i noko kvar einaste dag.
Trivsel er òg ein viktig motivasjonsfaktor. Her kjem Maslows behovshierarki inn. Ein kan ikkje forventa at ein elev lærer noko før dei grunnleggjande behova er dekka. Læraren må t.d. gjera læringsmiljøet i klassen trygt, med rom for å gjera ”feil”.
Viss ein elev manglar motivasjon, må læraren prøva å finna årsaka. Kva er det som gjer at denne elven manglar motivasjon? Då kjem me inn på attribusjonsteorien, som seier noko om korleis eleven opplever årsakene til suksess eller nederlag. Og korleis slike opplevingar påverkar motivasjonen deira.
Lærarar ser gjerne eleven meir i løpet av ein dag enn det foreldra gjer. Derfor har ein lærar stor innverknad på både sjølvbiletet og sjølvtilliten til kvar elev. Her har me eit stort ansvar!

I praksisperioden i haust skulle me prøva å få til eit undersøkingslandskap i matematikk. Me var på 4. trinnet, og temaet dei hadde då var multiplikasjon og divisjon. Eg hadde aldri høyrt om undersøkingslandskap før. Sjølv om ein legg opp til å få eit undersøkingslandskap, er ein ikkje garantert at ein får det til. Det forutset engasjerte elevar, og ein lærar som stiller dei gode spørsmåla. Sidan eg har heller liten erfaring som lærar, syntest eg akkurat dette var vanskeleg. Eg likar å ha full kontroll på det eg skal gjera. Og dermed ha tenkt igjennom heile undervisningsopplegget på førehand. I eit undersøkingslandskap må læraren fanga opp trådar undervegs, og koma med dei gode spørsmåla etter kvart. Derfor føler eg at dette er for dei meir erfarne lærarane. I alle fall for studentar med meir sjølvtillit enn meg. Undersøkingslandskap er veldig bra for dei elevane som treng utfordringar, trur eg. Undersøkingslandskap er i tråd med sosiokulturell teori.

Med LK06 kom det inn fem grunnleggjande dugleikar i alle fag. Det som var heilt nytt, var dette med bruken av digitalt verktøy. Me studentar har fått fleire kurs i ulike program. Dette er veldig bra, blant anna for å kunna få meir variert undervisning. Me må læra elevane korleis dei kan gjera seg nytte av dei mange flotte programma som finst. Det som kanskje er like viktig, er å læra elevane nettvett. Me må prøva å få dei til å setja sine eigne grenser. Og me må fortelja kva farar som fylgjer med internettbruk. Som lærar ville eg ha hatt klare grenser på kortid elevane skal bruka data, og ikkje.

Før eg starta i haust hadde eg klare meiningar om korleis ein lærar skal, og bør, vera. Og korleis ein lærar ikkje skal vera. Både i frå eigne erfaringar med ulike lærarar og ulike skular. Og ikkje minst etter at mine eigne born byrja i skulen.
Ein lærar skal bry seg om, og sjå den enkelte eleven. Innunder dette ligg tilpassa undervisning, noko som kvar elev har rett på. Eg ”brenn” litt ekstra for dei fagleg svake elevane som ikkje får den hjelpa dei har krav på. Ein lærar MÅ oppdaga at ein elev har t.d. lese- og skrivevanskar. Viss ein er i tvil, må det vera betre å testa ein elev for mykje, enn ein for lite. Som pedagog bør læraren finna ut korleis akkurat denne eleven lærer best.
Ein lærar skal òg vera fagleg flink, og ha variert undervisning. I tillegg til at han skal vera ein god rollemodell, skal han òg vera bestemt, og rettferdig. Så utfordringane stå i kø! Ein god lærar skal vera som eit støttande stillas for eleven, så der er eg einig med Bruner. Dette kan eg òg kopla til sosiokulturell teori. Lærarane skal tøya eleven i den proksimale utviklingssona. Kvar elev har ei grensa for kva dei greier på eiga hand, og kva dei kan klara med litt hjelp. Læraren skal vera eit stillas når eleven treng det, for så å trekkja seg vekk når eleven klarar oppgåva på eiga hand.
Dette står eg fast ved etter praksis òg.

Takk for i år, håpar neste år vert like kjekt!

torsdag 17. april 2008

Skulefrukost på Børtveit 14.04.08



Dagen starta med felles frukost, noko som var ein koseleg start på dagen!

Me har lært mykje av Birgit, og ho har vist oss i praksis korleis me kan variera undervisninga! Då ser me kor viktig det er! Og me har fått bekrefta kor mykje ein lærar betyr for faget! Pedagogikk kunne nok vore "tørt" stoff med mykje teori, viss ikkje me hadde ein inspirerande og engasjert lærar!


Etterpå såg me alle dei samansette tekstane me har laga! Det var mykje ulikt, men dei fleste var veldig bra! Me har brukt veldig mange timar på vår! Eg er fornøgd med sluttresultatet til Grethe og meg, men den var kanskje litt i lengste laget!


No har eg nettopp sett det innslaget på Puls om dei stille borna. Der har me som framtidige lærarar nok ei viktig oppgåva. Det som er viktig er å ta seg TID til å verta kjent med dei einskilde elevane, og å bry seg. Eg er klar over at i ein travel kvardag, i klassar med mange elevar, er det ikkje alltid like lett å få tid til kvar einskild.

Det handlar òg om kommunikasjon, det er viktig at me opparbeider eit tillitsforhold til elevane. God kontakt med elevane er eit godt grunnlag.

Me må òg heile tida observera elevane. Slik kan me oppdaga viktige ting me IKKJE kan oversjå.

Det er naturleg at dei elevane med utagerande åtferd får meir merksemd, fordi det går utover andre. Men det er vel så viktig å vera oppmerksame på dei stille borna!



onsdag 9. april 2008

Rettleiing/vegleiing og vurdering 7.4.2008


Rettleiing kan,og skal vera både munnleg og skriftleg. Fokuset skal vera på det positive! Dette forutset at me kjenner elevane godt, og at det eit gjensidig tillitsforhold mellom lærar/elev. Rettleiinga skal vera både grunngjeven og konstruktiv, det vil seia at me skal seia nøyaktig kva som var bra, og kva som evt. kunne gjerast betre. Slik får eleven eit oppnåeleg mål å arbeida i mot. Dette krev oppfylgjing frå læraren si sida. Her bør òg læraren stilla "dei gode spørsmåla." Rettleiing heng saman med motivasjon, viss læraren gjev god rettleing, kan det auka motivasjonen til elevane. God rettleiing kan gje auka sjølvtillit hjå elevane, noko som er veldig bra!

Rettleiinga skal vera ekte, elevane vil merka med ein gong viss læraren ikkje meiner det han seier. Ein lærar må heller ikkje samanlikna elevane med kvarandre, alle elevar er ulike og har rett på individuell rettleiing og vurdering.

I 1. til 7. trinn er det ikkje karakterar. Ein gong i halvåret, på utviklingssamtalane, tidlegare kalla konferansetimar, får både elev og foreldre informasjon om korleis eleven er både fagleg og sosialt. Ved å hjelpa barnet sitt med lekser, kan foreldra observera korleis det sitt ligg an. Det er viktig med tanke på heim-skule kontakten!

På ungdomsskulenivå kjem karakterane inn. Det må vera vanskeleg å setja karakterar. Som nyutdanna lærar er det kanskje lurt å laga seg nokre skjema med punkt på kva ein skal leggja vekt på under vurderinga.

Oppgåva med fekk tilslutt i dag, var kjekk. Veldig greitt å få prøva å gje ei vurdering. Det er nok ikkje alltid like lett. Derfor er det flott at me får prøva oss!

søndag 6. april 2008

Tysnes

Det gule naustet med grøne lister er vårt! Fin utsikt!!!!


lørdag 5. april 2008

Tilpassa opplæring 31.03.08


Alle elevar har rett på tilpassa opplæring. Det vil seia, slik eg forstår det, at alle elevar har krav på opplæring tilpassa den einsilde sitt nivå. Dei fagleg flinke elevane må få meir utfordrande oppgåver, og dei fagleg svake må kanskje få færre og lettare oppgåver. For alle elevar hadde nok dette vore det beste.
Men det er kanskje nesten umogeleg å gjennomføra i praksis, iallefall i klassar med 30 elevar?
Ein skule her på Tysnes har det, men dei er kanskje maks 10 elevar i kvar klasse. Det er fordelen med små skular.

Dei elevane som ikkje har tilfredstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har krav på spesialundervisning i fylgje Opplæringslova §5-1. Sjølv om dette er lovfesta, og då skulle vore enkelt å få til i praksis, er det ikkje slik. Her må me som framtidige lærarar vera obs. Viss me er i tvil om ein elev treng spesialundervisning, bør me få han testa for å vera heilt sikker.
Sjølve prosessen må òg verta raskare, slik at ein elev som treng hjelp får det så fort som mogeleg.

Hadde alle skular hatt tilpassa opplæring, hadde det òg vore ei likeverdig opplæring. Alle elevar er ulike, og bør derfor ikkje handsamast likt.

Differensiering vil seia å ta omsyn til den einskilde eleven sine føresetnader. På stasjonsarbeidet eg hadde på Langeland skule i matematikk, hadde eg differensiering på fleire av stasjonane. På datastasjonen t.d. kunne elevane velja om dei ville øva på gongetabellane med eller utan tidspress.

Gruppearbeidet me hadde tilslutt, der me skulle laga eit opplegg med tilpassa opplæring, gjekk greitt. Eg vart litt i tvil under framføringa om me hadde misforstått litt kanskje.........

mandag 31. mars 2008

Yrkesetisk seminar 26.03.-28.03.08


Dette har vore 3 kjekke og lærerike dagar! Kjekt å jobba på gruppa med andre enn dei eg plar samarbeida med. Spesielt kjekt at klassane vart blanda, eg føler eg/me vart betre kjent med den andre klassen etter desse dagane. (Sjølv om eg syntest det var skummelt då eg høyrde at me skulle blandast....)
Å få jobba med desse relevante oppgåvene, har vore svært nyttig. Dette er noko me som framtidige lærarar vil ein eller annan gong koma bort i. Då kan det vera greitt å ha tenkt litt i gjennom nokre av dei mange etiske dilemma på førehand. Det er vanskeleg å skilja konsekvensetisk analyse i frå pliktetisk analyse. Dei går av og til litt i kvarandre synest eg.
Det vart mykje diskusjonar under framføringane, det var kjekt. Eg held meg i bakgrunnen då, men det er berre slik eg er.......

Det vart mykje diskusjon på alle dei 4 sakene. Eg kan ikkje seia kva av dei 4 som det vart mest diskusjon på. Det eg la mest merke til var at det vart mykje diskusjon på dei 2 "minste" sakene òg.
Gruppesamarbeidet gjekk veldig fint. Me var stort sett einige, så det vart ingen heftige diskusjonar då!

Teieplikta til lærarar er svært viktig å oppretthalda ellers kan ein missa tillit både til eleven, foreldra og andre lærarar. Det er òg fare for at ein kan støta nokon.
Opplysningsplikta/meldeplikta er viktig med tanke på at som lærarar må me sjå heile eleven, og bry oss.

onsdag 26. mars 2008

Refleksjon etter praksis.


Då var praksisen avslutta på 4. trinnet på Langeland Skule. Litt synd no når eg endeleg hadde lært meg namna på alle elevane. Det har vore 3 hektiske, men kjekke veker. Me har blant anna vore på skeisebanen, hatt "påskeverkstad", solidaritetsdag, og vore på turdag i skogen. Dagane har vore varierte, og det er noko eg trivest godt med. Og dette er ein av grunnane til at eg ynskjer å jobba i skulen.

Me har lært mykje, blant anna at det er viktig med godt samarbeid. Eg føler at eg ikkje har så mykje idear til korleis me kan gjera undervisninga kjekk og variert, men heldigvis har eg dei andre på praksisgruppa mi med mange idear. Eg trur ideane kjem i takt med sjølvtilliten min, og den er på veg opp.....
Å få auka sjølvtilliten min, hadde eg som mitt personlege mål denne perioden. Eg fekk gode tilbakemeldingar frå praksislærarane mine etter dei timane eg hadde ansvaret for, då aukar sjølvtilliten automatisk. Men eg har litt å jobba vidare med her enno!

Dette at ting tek tid, er òg noko eg må jobba vidare med. Det er ikkje gjort på nokre minutt å få over 40 elevar til å leggja på plass bøker i hylla, og henta dei bøkene dei skal ha leksa i, og leggja dei nedi sekken! Så der må eg verta flinkare til å berekna god tid.

Me skulle fokusera på IKT denne perioden. Og me på 4. trinnet, brukte iallefall data kvar veka. Fyrste veka tok me elevane med på ei reisa med Google Earth! Me hadde ommøblert klasserommet slik at det skulle sjå ut som om me var inne i eit fly. Elevane hadde om globus og kart, så dette var ein fin introduksjon syntest me. Det vart ein vellukka tur, der me tok eit stopp i kvar verdsdel! I tillegg var me var flyvertinnner som serverte kjeks til alle dei reisande!

Den andre veka hadde me stasjonsarbeid, der den eine stasjonen var å jobba på Gaia sine sider på internett. Her var det mange elevar som desverre ikkje kom inn på nettet før det hadde nesten gått 20 minutt av timen.......Men slik er det berre av og til.

Tysdagen i siste veka hadde me arbeidsplan, der ein av oppgåvene var å jobba på Cappelen sine norsksider på internett. Det fungerte fint!
Me hadde stasjonsarbeid på onsdagen i siste veka, og då var det å øva på gonging og deling på internett. Grethe hadde laga eit oppgåveark til elevane, så det gjekk fint og dei var ivrige!

Eg synest eg får god kontakt med elevane, og det gjev meg mykje!
Etter desse vekene har eg vorte endå meir sikker på at det er i skulen eg vil jobba!