torsdag 17. april 2008

Skulefrukost på Børtveit 14.04.08



Dagen starta med felles frukost, noko som var ein koseleg start på dagen!

Me har lært mykje av Birgit, og ho har vist oss i praksis korleis me kan variera undervisninga! Då ser me kor viktig det er! Og me har fått bekrefta kor mykje ein lærar betyr for faget! Pedagogikk kunne nok vore "tørt" stoff med mykje teori, viss ikkje me hadde ein inspirerande og engasjert lærar!


Etterpå såg me alle dei samansette tekstane me har laga! Det var mykje ulikt, men dei fleste var veldig bra! Me har brukt veldig mange timar på vår! Eg er fornøgd med sluttresultatet til Grethe og meg, men den var kanskje litt i lengste laget!


No har eg nettopp sett det innslaget på Puls om dei stille borna. Der har me som framtidige lærarar nok ei viktig oppgåva. Det som er viktig er å ta seg TID til å verta kjent med dei einskilde elevane, og å bry seg. Eg er klar over at i ein travel kvardag, i klassar med mange elevar, er det ikkje alltid like lett å få tid til kvar einskild.

Det handlar òg om kommunikasjon, det er viktig at me opparbeider eit tillitsforhold til elevane. God kontakt med elevane er eit godt grunnlag.

Me må òg heile tida observera elevane. Slik kan me oppdaga viktige ting me IKKJE kan oversjå.

Det er naturleg at dei elevane med utagerande åtferd får meir merksemd, fordi det går utover andre. Men det er vel så viktig å vera oppmerksame på dei stille borna!



2 kommentarer:

Mariann Habbestad sa...

Hei Anna Kristin:)
Eg har og sitt på programmet Puls om dei innagerande borna. Eg er einig med deg at ein må bli meir
oppmerksam på dei stille borna i skulen. Dersom me observerar borna heile vegen, kan slike problem bli oppdaga tidleg og gjerast noko med. Det blir nok fort litt for stort fokus på dei utagerande borna i skulen.

Transplante de Cabelo sa...

Hello. This post is likeable, and your blog is very interesting, congratulations :-). I will add in my blogroll =). If possible gives a last there on my blog, it is about the Transplante de Cabelo, I hope you enjoy. The address is http://transplante-de-cabelo.blogspot.com. A hug.