Rettleiing kan,og skal vera både munnleg og skriftleg. Fokuset skal vera på det positive! Dette forutset at me kjenner elevane godt, og at det eit gjensidig tillitsforhold mellom lærar/elev. Rettleiinga skal vera både grunngjeven og konstruktiv, det vil seia at me skal seia nøyaktig kva som var bra, og kva som evt. kunne gjerast betre. Slik får eleven eit oppnåeleg mål å arbeida i mot. Dette krev oppfylgjing frå læraren si sida. Her bør òg læraren stilla "dei gode spørsmåla." Rettleiing heng saman med motivasjon, viss læraren gjev god rettleing, kan det auka motivasjonen til elevane. God rettleiing kan gje auka sjølvtillit hjå elevane, noko som er veldig bra!
Rettleiinga skal vera ekte, elevane vil merka med ein gong viss læraren ikkje meiner det han seier. Ein lærar må heller ikkje samanlikna elevane med kvarandre, alle elevar er ulike og har rett på individuell rettleiing og vurdering.
I 1. til 7. trinn er det ikkje karakterar. Ein gong i halvåret, på utviklingssamtalane, tidlegare kalla konferansetimar, får både elev og foreldre informasjon om korleis eleven er både fagleg og sosialt. Ved å hjelpa barnet sitt med lekser, kan foreldra observera korleis det sitt ligg an. Det er viktig med tanke på heim-skule kontakten!
På ungdomsskulenivå kjem karakterane inn. Det må vera vanskeleg å setja karakterar. Som nyutdanna lærar er det kanskje lurt å laga seg nokre skjema med punkt på kva ein skal leggja vekt på under vurderinga.
Oppgåva med fekk tilslutt i dag, var kjekk. Veldig greitt å få prøva å gje ei vurdering. Det er nok ikkje alltid like lett. Derfor er det flott at me får prøva oss!

2 kommentarer:
Hei Anna Kristin.
Her har du fått med mye bra fra forelesningen. Jeg synes også at det er viktig å ha fokuset på det positive!
Har du gjort deg noen tanker om hvorfor veiledning er så viktig? Det ble nevnt at veiledning og vurdering kan være en utfordrende oppgave for lærerne. Hva tenker du om det?
Enig med deg at oppgaven til slutt var veldig relevant og kjekk :-)
Maria
Hei igjen!
Rettleiing er viktig bl.a. fordi det kan skapa motivasjon! Me kan hjelpa elevane til å setja små mål som dei kan arbeida mot.
At rettleiing og vurdering er ei utfordring, er heilt sikkert. Det er mange elevar i ein klasse, og dei har krav på indiviuell rettleiing. Det tek mykje tid, men det må lærarar prioritera!
Legg inn en kommentar