I dag kunne me få panikk med tanke på kor mange oppgåver ein lærar har. Dei fleste oppgåvene visste eg om frå før. Eg vel å tenkja at me lærer etterkvart, dess meir erfaring/praksis me får. Å spørja andre meir erfarne lærarar om hjelp, kan me læra mykje av i starten, vil eg tru.
Ei av dei viktigaste oppgåvene til ein lærar, er å BRY seg. Bry seg om alle elevane. Bry seg om dei svake elevane, med å laga eige opplegg som dei kan klara. Bry seg om dei fagleg sterke elevane som treng meir utfordringar. Dette er nok tidkrevjande, og ikkje alltid like lett, men det bør vera eit mål.
Læraryrket er krevande, men tenk på kor mykje me får att! Å verta kjende med så mange ulike elevar! Det veg nok opp for dei vanskelege oppgåvene, trur eg.
Ei av dei vanskelegaste oppgåvene til ein lærar må vera plikta å melda i frå om mistanke om omsorgssvikt. Håpar eg kjem sjeldan borti slike tilfelle, men det er nok ikkje reellt å tru at me aldri vil møta denne problemstillinga.
Eit spørsmål eg sit att med er kva me gjer i ein situasjon der skulen meiner ein elev har fagleg problem, medan heimen seier det motsette. Kan me som lærarar ikkje gjera noko for denne eleven då?
Lærarar må òg fylgja oppl.lova og læreplanar. Læreplanen er eit godt hjelpemiddel når me skal planleggja undervisninga. Den finn me det elevane skal læra i kvart klassetrinn. Det er eit godt utgongspunkt.
Eg lærte mykje nytt i det å verta ein god nettjeger. Det var mange nyttige tips å ta med seg.
Det skal eg prøva å bruka framover.
Eg har ikkje fått lese alle lenkjene som vart anbefalt enno, men eg har planar om å gjera det.

1 kommentar:
Hei :)
Eg synest du har skreve ein bra blogg! Du skriv ikkje så langt, men du får mykje med. Veldig bra!
Det einaste som eg har litt kritikk på, er at eg synest du bør har tydlegare avsnitt, gjerne hoppa ned ei linje mellom kvart avsnitt. Då vert det lettare å lese.
Ellers, som sagt, eit bra innlegg :)
Legg inn en kommentar