tirsdag 28. august 2007

Ei lærarinne eg hugsar godt!


Liv var lærarinna mi i frå 1. klasse til og med 6. klasse.
Ho hadde ei anna dialekt enn oss. Eg kan hugsa at ho ikkje klarte å "skarra" på bokstaven r, slik som me gjer.
Ho hadde på seg bukser med påsydde lommer framme, og med sleng. Dei hadde ho sydd sjølv. Mannen hennar Asbjørn, som òg var lærar på skulen, brukte òg desse heimesydde buksene.
Liv var flink til å læra i frå seg, og ho fann på mange kjekke ting som t.d. tavleleiken.
Spesielt godt likte eg ein konkurranse ho hadde med oss i gongetabellen: To elevar stod framme, og det var om å gjera å vera snarast med å seia rett svar på den gongen ho sa. Den som svara raskast, vart ståande, den andre måtte gje plassen sin til neste elev.
Sidan me hadde Liv i 6 år, var me nok litt lei av ho (kvarandre?) det siste året. Etter at me hadde byrja på ungdomsskulen vart det fort gløymt. Eg og to venninner gjekk til og med på besøk til Liv på fødselsdagen hennar etterpå. Så eit visst inntrykk har ho nok gjort!

3 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Anna Kristin...
Det er rart kor detaljorienterte ungar kan vera, og kor dei leitar opp særtrekk hos lærarane og andre signifikante vaksne som betyr mykje i livet. Eg lurar jo sjølvsagt litt på kva den "tavleleiken" gjekk ut på? Elles er jo konkurransar av ulike slag lika populært i skulen i dag som før, så det er berre å henta fram gamle minner frå aktivitetar de likte sjølv. Du seier elles at ho var flink å læra i frå seg, var det andre eigenskapar ved ho som du meiner gjer at du hugsar ho så godt? Bortsett frå at du hadde ho i samfulle 6 år då...?

Birgit :-)

Anna Kristin sa...

Eg må berre innrømma at eg ikkje hugsar tavleleiken godt nok til at eg kan forklara den skikkeleg. Og sjølv etter eit par telefonar til venninner, kunne heller ikkje dei hjelpa meg med hukommelsen. Det er over 30 år sidan, håpar det er litt gyldig grunn......

Anna Kristin

Hanne Mari sa...

Hei :)
Tusen takk for det :)
Du er også flink!