søndag 10. februar 2008

Sjølvbilete og attribusjonsteori 04.02.08




Sjølvbiletet er viktig for motivasjonen.
Skulen skal gje eleven eit godt grunnlag for vidare utvikling og opplæring. Me må ha omsorg for heile eleven.

Attribusjonsteori forklarar korleis invividet opplever årsakene til eiga åtferd (t.d. suksess og nederlag) og korleis slike opplevingar påverkar motivasjonen hans/hennar.

Indre attribusjon: Det som skjer med oss skuldast noko ved oss sjølve. (t.d. evne, innsats, strategi, eigne val)

Ytre attribusjon: Det som skjer med oss skuldast noko utanfor oss sjølve. (t.d. reglar, ”støtteapparatet”, flaks eller uflaks, oppgåva sin vanskegrad, kvaliteten på undervisninga)

Eg kjende meg att i undersøkinga mellom jenter og gutar si sjølvoppfatning.
Mange jenter seier ofte at det er flaks viss dei får ein god karakter på ein prøve. Det kan eg òg seia, men då for å prøva å vera litt morosam……
Gutar har kanskje meir sjølvtillitt sidan dei skuldar på gode evne…..

Redigert 17.04.08:

Sjølvbilete og sjølvtillit er ikkje det same, men dei går i kvarandre. Sjølvkjensle/sjølvbilete dreier seg om kva eleven tenkjer og føler om seg sjølv, uavhengig av kva han presterer. Så sjølv om ein elev er god i t.d. både matematikk og kroppsøving, kan han ha lågt sjølvbilete.

Sjølvtillit gjeld ofte på avgrensa område i livet til ein elev, medan sjølvbiletet gjeld heile personen. Sjølvtillit er viktig for motivasjonen, fordi ein er sjølvsagt meir motivert på område der ein veit ein kan klara å prestera noko.

Både lærarar (og foreldra) må sjå kvar einskild elev, og setja pris på dei som dei er. For det er ikkje slik at om ein aukar sjølvtilliten til kvar enkelt elev, vert sjølvbiletet deira automatisk betre.

Av og til kan ros verka skadeleg både for den indre motivasjonen og for sjølvkjensla. Ein elev kan t.d. gjera ein eksta innsats for å oppnå ros frå lærarar, foreldre og medelevar, men eigentleg hadde eleven ikkje interessa for det han gjorde i det heile.

På skulen er det viktig at me som lærarar er med på å dempa den sosiale samanlikninga, slik at elevane torer å vera seg sjølve. Å jobba mot eit godt læringsmiljø, der det er lov å feila. Slik kan elevane ha sin eigenverdi, uavhengig av prestasjonar.
Lærarar (og foreldra) må vera ekte og ta borna på alvor!

Vil anbefala denne lenkja:

http://www.elevsiden.no/psykiskhelse/1107989138

2 kommentarer:

Aashild Dalen Veivåg sa...

Trur du det er mogleg å snu denne tenkjemåten? Kanskje kan du som lærar gjera noko?

Anna Kristin sa...

Lærarar kan vera med på å styrkja sjølvtilliten generelt til elevar. Ved t.d. å gje dei konstruktive tilbakemeldingar, slik at eleven veit akkurat kva han kan jobba vidare med. Ha realistiske læringsmål, som vert rost når det er nådd. På sikt vil då sjølvtilliten auka hjå den einskilde eleven, trur eg. Denne skilnaden blant gutar og jenter veit eg ikkje om det går an å snu. Det er no ikkje alltid slik at gutane har meir sjølvtillit heller, unnatak vil det alltid vera.