tirsdag 28. august 2007

Ei lærarinne eg hugsar godt!


Liv var lærarinna mi i frå 1. klasse til og med 6. klasse.
Ho hadde ei anna dialekt enn oss. Eg kan hugsa at ho ikkje klarte å "skarra" på bokstaven r, slik som me gjer.
Ho hadde på seg bukser med påsydde lommer framme, og med sleng. Dei hadde ho sydd sjølv. Mannen hennar Asbjørn, som òg var lærar på skulen, brukte òg desse heimesydde buksene.
Liv var flink til å læra i frå seg, og ho fann på mange kjekke ting som t.d. tavleleiken.
Spesielt godt likte eg ein konkurranse ho hadde med oss i gongetabellen: To elevar stod framme, og det var om å gjera å vera snarast med å seia rett svar på den gongen ho sa. Den som svara raskast, vart ståande, den andre måtte gje plassen sin til neste elev.
Sidan me hadde Liv i 6 år, var me nok litt lei av ho (kvarandre?) det siste året. Etter at me hadde byrja på ungdomsskulen vart det fort gløymt. Eg og to venninner gjekk til og med på besøk til Liv på fødselsdagen hennar etterpå. Så eit visst inntrykk har ho nok gjort!

mandag 27. august 2007

Pedagogikk 27.08.07


I ped.timane i dag vart det snakka om kommunikasjon, om kor viktig det er. Eg har aldri tenkt over kor mykje kroppsspråket vårt eigentleg betyr. No når me skal snart ut i praksis, er det svært viktig at me ikkje seier ein ting, og røper med kroppsspråket vårt at me ikkje meiner det me seier.Elevane ville ha oppdaga det med ein gong. All kommunikasjon vert tolka, så det kan lett verta misforståingar viss me ikkje får fram den bodskapen me ynskjer. Som lærarar er det òg svært viktig å beherska seg. (Sjølv om ein har ein dårleg dag, og har lyst til å eksplodera.)

Læraren vår Birgit gjer timane kjekke og interessante. Ho kjem med mange døme som gjer at me forstår/kjenner oss att.

I siste del av dagen skulle me mima. Då fekk me merka at det er ikkje lett når me BERRE skal uttrykkja oss med kroppsspråket. Det er alltid kjekt å få leika litt!

Me slutta av i praksisgruppene, der me skulle finna 10 køyrereglar for arbeidet vårt, som skal leverast inn i slutten av veka.

Redigert 02.04.08:

Samarbeid og kommunikasjon er utruleg viktig for lærarar. Både når det gjeld samarbeid mellom elev/lærar og lærar/foreldre og kollegaer. Viss ein som lærar ikkje har god kontakt med elevane, kan ein ikkje gje dei den hjelpa dei har krav på å få. Det er viktig å sjå den enkelte eleven.
Kontakten med foreldra er òg viktig, det er foreldra som har hovudansvaret for oppsedinga. Me som lærarar skal hjelpa til. Då er det til eleven sitt beste at det samarbeidet fungerar godt.

I dag er det vanleg med teamarbeid i skulen. Lærarar på same trinn samarbeidar om vekeplanar, lekseplanar mm.. Viss dette samarbeidet ikkje fungerar slik det skal, merkar både elevane og andre kollegaer dette.
Fordelen med teamarbeid er at det er fleire som kjem med idear til korleis undervisninga kan vera. Og at ein er fleire vaksne viss ein skal på turar o.l.. Ein har òg alltid nokon å spørja om råd, og nokon å diskutera ulike ting med.

onsdag 22. august 2007

Pedagogikk


Det vert spanande å læra pedagogikk.
Eg veit nok ikkje heilt kva faget går ut på enno.
Men eg trur at ikkje all teori kan nyttast i praksis.
Det er iallefall min erfaring som trebarnsmor!!!!!

Redigert 02.04.08:

Oppstarten har vore heilt grei, ikkje for travel iallefall. Eg samanliknar meg med ei som går på førskulelærar. Dei har "stupt inn" i oppgåver og innleveringar, medan me heller har fått ein mjuk start.
Blogging er heilt nytt for meg, kan det ha noko med alderen min å gjera tru? Det høyrest ut til å vera ein betre og meir lærerik måte å ha pedagogikk på. Då får me jobba meir jamnt og trutt med faget kanskje. Det er iallefall godt å sleppa ein eksamen til våren!

søndag 19. august 2007

Presentasjon av Anna Kristin

Eg heiter Anna Kristin Flornes, er 40 år, gift og har 3 barn. Eg bur på Tysnes, nærmare bestemt Uggdal. Eg er fødd og oppvaksen på Lofthus, men har budd på Tysnes i 19 år.
Har jobba i bank. Etter å ha vore heima med barna i 13 år, byrja eg i ein vaskejobb.
I tillegg var eg då vikar i skulen, noko eg likte svært godt. Og det er grunnen til at eg er her.

KVIFOR LÆRAR?

Eg har lyst til å jobba med barn og ungdommar.
Eg likar varierte arbeidsdagar. Læraryrket er krevande, men du får mykje att

KVIFOR HSH?

Eg har aldri sett på meg sjølv som ein heiltidsstudent. Var på nettet og undersøkte om det var råd å ta desentralisert lærarutdanning i nærleiken av heimstaden min. Då måtte eg evt. til Sogndal på samlingar, så det vart for langt.
Derfor fann eg ut at det beste alternatvet var å pendla til Stord og HSH.
"Sparket bak" til å søkja HSH fekk eg etter å ha jobba på kontor det siste året.
Det kunne eg ikkje tenkja meg å gjera resten av livet, det var altfor einsidig.
Så no er eg her, og eg likar meg veldig godt, og håpar at eg klarar å fullføra!