I ped.timane i dag vart det snakka om kommunikasjon, om kor viktig det er. Eg har aldri tenkt over kor mykje kroppsspråket vårt eigentleg betyr. No når me skal snart ut i praksis, er det svært viktig at me ikkje seier ein ting, og røper med kroppsspråket vårt at me ikkje meiner det me seier.Elevane ville ha oppdaga det med ein gong. All kommunikasjon vert tolka, så det kan lett verta misforståingar viss me ikkje får fram den bodskapen me ynskjer. Som lærarar er det òg svært viktig å beherska seg. (Sjølv om ein har ein dårleg dag, og har lyst til å eksplodera.)
Læraren vår Birgit gjer timane kjekke og interessante. Ho kjem med mange døme som gjer at me forstår/kjenner oss att.
I siste del av dagen skulle me mima. Då fekk me merka at det er ikkje lett når me BERRE skal uttrykkja oss med kroppsspråket. Det er alltid kjekt å få leika litt!
Me slutta av i praksisgruppene, der me skulle finna 10 køyrereglar for arbeidet vårt, som skal leverast inn i slutten av veka.
Redigert 02.04.08:
Samarbeid og kommunikasjon er utruleg viktig for lærarar. Både når det gjeld samarbeid mellom elev/lærar og lærar/foreldre og kollegaer. Viss ein som lærar ikkje har god kontakt med elevane, kan ein ikkje gje dei den hjelpa dei har krav på å få. Det er viktig å sjå den enkelte eleven.
Kontakten med foreldra er òg viktig, det er foreldra som har hovudansvaret for oppsedinga. Me som lærarar skal hjelpa til. Då er det til eleven sitt beste at det samarbeidet fungerar godt.
I dag er det vanleg med teamarbeid i skulen. Lærarar på same trinn samarbeidar om vekeplanar, lekseplanar mm.. Viss dette samarbeidet ikkje fungerar slik det skal, merkar både elevane og andre kollegaer dette.
Fordelen med teamarbeid er at det er fleire som kjem med idear til korleis undervisninga kan vera. Og at ein er fleire vaksne viss ein skal på turar o.l.. Ein har òg alltid nokon å spørja om råd, og nokon å diskutera ulike ting med.

2 kommentarer:
Hei, Anna Kristin...
Det er ikkje heilt enkelt å finna "formen" på blogginnlegga endå, men eg tykkjer kan hende innlegget ditt vart litt knapt. Eg vil be deg om å tenkja nærare over desse spørsmåla:
Var det noko du ikkje visste frå før som du lærte i dag? Var det noko du meiner er ekstra lurt å ta med seg vidare når du skal ut og treffa elevane i praksis i høve til dette med kommunikasjon? Fekk du noko utav forslaga til fordjuping på eiga hand? Noko ekstra du merka deg i høve til desse artiklane?
Birgit :-)
Eg ser at du har "utvida" refleksjonane dine noko sidan eg var innom sist, og det er kjempeflott! Eg må jo berre spørja litt vidare eg då, veit du. Var det noko i NRK episoden om kroppsspråk som fanga di interesse?
Birgit :-)
Legg inn en kommentar