onsdag 22. august 2007

Pedagogikk


Det vert spanande å læra pedagogikk.
Eg veit nok ikkje heilt kva faget går ut på enno.
Men eg trur at ikkje all teori kan nyttast i praksis.
Det er iallefall min erfaring som trebarnsmor!!!!!

Redigert 02.04.08:

Oppstarten har vore heilt grei, ikkje for travel iallefall. Eg samanliknar meg med ei som går på førskulelærar. Dei har "stupt inn" i oppgåver og innleveringar, medan me heller har fått ein mjuk start.
Blogging er heilt nytt for meg, kan det ha noko med alderen min å gjera tru? Det høyrest ut til å vera ein betre og meir lærerik måte å ha pedagogikk på. Då får me jobba meir jamnt og trutt med faget kanskje. Det er iallefall godt å sleppa ein eksamen til våren!

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Pedagogisk teori som ikkje kan knytast til praksis, er å rekna for "daud teori", vonar du vil sjå linken til praksisfeltet etterkvart?
Birgit :-)