søndag 3. februar 2008

Motivasjon 28.01.2008




Hadde alle elevar hatt indre motivasjon hadde det vore lett å vore lærar. Indre motivasjon vil seia å ha interesse for ein aktivitet, og synast det er kjekt og meiningsfullt.

Men ofte er det ytre motivasjon som driv elevane. Ytre motivasjon vil seia at eleven får ei belønning når aktiviteten er gjennomført. Aktiviteten kan òg verta sett på som ei plikt, noko ein må.

Slik eg ser det er læraren ein viktig motivasjonsfaktor. Sjølv om ein elev ikkje er så interessert i eit fag, kan ein inspirerande lærar få elevane til å lika faget likevel.

Det er ulike måtar å forstå motivasjon på:
Behavioristisk: Då er belønninga motivasjonskjelda.
Kognitivistisk: Då er det indre drivet motivasjonskjelda.
Humanistisk: Indre motivasjon ut i frå behov, tryggleik og sjølvrespekt.

Revidert 09.02.08:

I teorien er det "lett" å skilja mellom ytre og indre motivasjon. Men det er ikkje så lett i praksis....
Av og til kan det vera ein kombinasjon av ytre og indre motivasjon som driv ein. Derfor kan me ikkje seia kva som er best av indre og ytre motivasjon, meiner eg!

Revidert 05.04.08:

Korleis kan me motivera ut i frå desse ulike teoriane:

Behavioristisk: T.d. at ein elev får spela data når han er ferdig med det han skal gjera, eller at heile klassen får sjå ein film i slutten av ei veka.

Kognitivistisk: Då er det trongen til å finna ut av noko, finna ei meining med ulike ting. Då kan me spela på elevane sine interesser kanskje. Viss me utfordrar dei innanfor eit tema dei er interessert i, vil dei vera meir naturleg motiverte for å finna ei løysing på oppgåva.

Humanistisk:

Alle elevar har fleire grunnleggjande behov som ligg bak motivasjonen. Viss dei ikkje er dekka, kan det gå utover motivasjonen. Som lærarar kan me t.d. leggja tilrette for eit inkluderande klasseromsmiljø. Det er svært viktig med trivsel på skulen, då vil det vera med på å auka motivasjonen til elevane.
Revidert 17.04.08:
Etter å ha jobba med Mons i den casen, fekk eg meir tankar om motivasjon. Prestasjonamotivasjon har i fylgje Imsen, to grunnleggjande tendensar. Lysten til å gå laus på ei oppgåva, og angsten for å mislukkast. (Atkinsons prestasjonsmotivasjonsmodell)
Kva skapar motivasjon?
Det er mange faktorar som kjem inn her, nokon verkar gjerne på ein elev, men ikkje på ein annan. Sjå kva einskild elev er det viktigaste, meiner eg. Lærarar må arbeida for å få eit varmt og inkluderande læringsmiljø. Læringsmiljøet er avgjerande for eleven sin motivasjon. Ha faste rutinar i skulekvardagen, slik at elevane er litt førebudde på kva som kjem, og at dei då kan føla seg trygge. Læraren kan vera med på å dempa samanlikning med andre elevar, ved t.d. ha fokus på korleis oppgåvene vert løyst. Gje konstruktive attendemeldingar! Slik at eleven kan nå dei personlege måla sine. Så utfordringane for lærarar er mange!
Arbeidsmetoden me prøvde ut i dag, var for så vidt grei. Eg kan ikkje ha fått med meg så mykje, sidan eg har måtta redigert dette innlegget mange gonger.......
Gruppeinndelinga var for komplisert, etter mi meining!
Her står det mykje bra om motivasjon:

3 kommentarer:

Aashild Dalen Veivåg sa...

Inga lita oppgåve å vera lærar. Ser du for deg korleis lærarar kan motivera ut frå dei ulike retningane?

Ane Kesia sa...

Hei :-) Anna Kristin
Ja å vera motivert, er vel ein føresetnad for at meg og deg er med på denne karusellen. Det som er drivkraften hjå meg er at det ikkje i det heile har vore vanskeleg å halda "koken", sjølv om det ikkje er lett å feste alt på "kroken". Men, har til gode¨å ikkje måtte jobbe dersom ein vil ha framgong...., og ikkje minst utfordra seg sjølv på ulike nivå. Men du som meg veit at av å til kan ein vera motivert, men så er det ytre element som gjer at ein mister motivasjonen,det at læraren er ein viktig motivasjonsfaktor seier eg meg heilt eining i. La oss bli to lærarar som kan motivera framtidige elevar.... :-) :-)

Du seier litt om den ytre motivasjon og belønning. Eg er ikkje så sikker på at det alltid er slik at det kun er belønningen i seg sjølv som er motivasjonen. Til dømes karakterar. Det kan vera elevar som har indre drivkraft som gjev dei eit ytre ( i form av karakterer),det kan ikkje alltid vera lett å vera flink og ha indre motivasjon i tillegg. Ikkje alle har behov for å "brife", men det må vera lov å vera god.
Sleng meg på Åshild, inga lett oppgåve å vera lærar.
Kesia

Bertin sa...

Hei!!

Eg er litt nyfiken på korleis du tenkjer om indre og ytre motivasjon. Slik eg ser det er det ikkje alltid klåre skiljelinjer mellom indre og ytre motivasjon.

Mange av dei mest framgangsrike personane, til dømes idretts- og- forretningsverda, har som mål å oppnå resultat. Dei er til og med avhengig av å produsere gode resultat for å overleve.

I tillegg har mange av idrettsutøvarane "våre" store ytre forventningar knytta til prestasjonane sine. Slike forventningar har gitt mange nordmenn stolte augneblink ved å sjå ein nordmann ta gull.

Poenget mitt er om den eine forma for motivasjon er betre enn den andre, kva er best av indre og ytre motivasjon?