Alle elevar har rett på tilpassa opplæring. Det vil seia, slik eg forstår det, at alle elevar har krav på opplæring tilpassa den einsilde sitt nivå. Dei fagleg flinke elevane må få meir utfordrande oppgåver, og dei fagleg svake må kanskje få færre og lettare oppgåver. For alle elevar hadde nok dette vore det beste.
Men det er kanskje nesten umogeleg å gjennomføra i praksis, iallefall i klassar med 30 elevar?
Ein skule her på Tysnes har det, men dei er kanskje maks 10 elevar i kvar klasse. Det er fordelen med små skular.
Dei elevane som ikkje har tilfredstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har krav på spesialundervisning i fylgje Opplæringslova §5-1. Sjølv om dette er lovfesta, og då skulle vore enkelt å få til i praksis, er det ikkje slik. Her må me som framtidige lærarar vera obs. Viss me er i tvil om ein elev treng spesialundervisning, bør me få han testa for å vera heilt sikker.
Sjølve prosessen må òg verta raskare, slik at ein elev som treng hjelp får det så fort som mogeleg.
Hadde alle skular hatt tilpassa opplæring, hadde det òg vore ei likeverdig opplæring. Alle elevar er ulike, og bør derfor ikkje handsamast likt.
Differensiering vil seia å ta omsyn til den einskilde eleven sine føresetnader. På stasjonsarbeidet eg hadde på Langeland skule i matematikk, hadde eg differensiering på fleire av stasjonane. På datastasjonen t.d. kunne elevane velja om dei ville øva på gongetabellane med eller utan tidspress.
Gruppearbeidet me hadde tilslutt, der me skulle laga eit opplegg med tilpassa opplæring, gjekk greitt. Eg vart litt i tvil under framføringa om me hadde misforstått litt kanskje.........

2 kommentarer:
Hei
Ikkje handsamast likt, det var eit viktig poeng. Det kan ein ikkje gjera i utgangspunktet det har me nettopp lært om på yrkesetisk seminar...., men som du seie detta er ikkje lett i praksis. Kjekt å høyra at Tysnes får det til. Gruppearbeidet med vart utfordra til på slutten av økta, syner nok ein gong at i denne bransjen finnes ingen rette svar, og at sjølv om alle fekk same oppgåva..var ingen opplegg like. Dokken bomma ikkje meir enn nokon, men av å leggje fram slik kan ein berre gange sin eigen kunnskap med dei andre sine så har me mange rette svar.
Kjekt å verta kjend med deg, og eg trur du kjem til å like ditt framtidige yrke, og elevane får ein god lærar:-)
Sendar utfordringa eg fekk av Trond til deg, Kva seier rapporten til Dale og Wærnes deg?
Lukke til vidare,
Kesia:-)
Hei, igjen!
Skal prøva å svara. Litt skrømande å lesa den rapporten. Det er ofte slik at i teorien høyrest det lett ut, men i praksis er det ikkje så lett. Det er nok vanskelegare å vera lærar i dag. Og det er enkelte lærarar som ikkje høver i yrket sitt. Men det skal gå an å engasjera elevar i dag òg, det trur eg på. Ein inspirerande lærar kan få med seg fleirtalet i ein klasse, trur eg.
Haldningane til elevane har foreldra litt ansvar for, meiner no eg.
Legg inn en kommentar