søndag 19. august 2007

Presentasjon av Anna Kristin

Eg heiter Anna Kristin Flornes, er 40 år, gift og har 3 barn. Eg bur på Tysnes, nærmare bestemt Uggdal. Eg er fødd og oppvaksen på Lofthus, men har budd på Tysnes i 19 år.
Har jobba i bank. Etter å ha vore heima med barna i 13 år, byrja eg i ein vaskejobb.
I tillegg var eg då vikar i skulen, noko eg likte svært godt. Og det er grunnen til at eg er her.

KVIFOR LÆRAR?

Eg har lyst til å jobba med barn og ungdommar.
Eg likar varierte arbeidsdagar. Læraryrket er krevande, men du får mykje att

KVIFOR HSH?

Eg har aldri sett på meg sjølv som ein heiltidsstudent. Var på nettet og undersøkte om det var råd å ta desentralisert lærarutdanning i nærleiken av heimstaden min. Då måtte eg evt. til Sogndal på samlingar, så det vart for langt.
Derfor fann eg ut at det beste alternatvet var å pendla til Stord og HSH.
"Sparket bak" til å søkja HSH fekk eg etter å ha jobba på kontor det siste året.
Det kunne eg ikkje tenkja meg å gjera resten av livet, det var altfor einsidig.
Så no er eg her, og eg likar meg veldig godt, og håpar at eg klarar å fullføra!

10 kommentarer:

Rebekka sa...

Heisann:D
Flotters start, men har du hatt andre jobber? Og er det en spesiell grunn til at du velger dette yrket?

Grethe Myhre sa...

Hei på deg.
Så rask du var å få lagt ut bloggen din. Dette går jo kjempebra!

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Anne Kristin...
Det er flott at du på grunnlag av å vera vikar i skulen fekk meirsmak på læraryrket. Det kan elles vera ei ganske tøff utfordring å vikariera for andre. Vonar studia vil forsterka det ynskjet?! Eg har elles ei utfordring til deg i lærarbloggen. Lukke til!

Birgit :-)

Franny Maria sa...

Heisann:)
Ja, eg er handball dommar, så det er sikkert der du kjenner meg igjen frå;)

-Franny

Ane sa...

Halloen Anna Kristin.
Flott blogg du har. Trur nok at me kjem til å få nokre morosame år i lag. Vonar me kan oppretthalda den gode kontakten me har fått.

Kari sa...

Hei Anna Kristin!
Fin blogg :)Eg var bekymra for om eg var den einaste i klassen som var passert den fyrste ungdomen, og vart glad då eg såg at me var fleire.. Ikkje for det; ein er ikkje eldre enn ein føler seg.. trur nok at me kan læra noko av dei unge i klassen, samstundes som me kan bidra med noko til dei. Lukke til!

Tone Helen sa...

Hei!
Det er tøft å byrja på ein utdannelse når ein ikkje lengre er i den fyrste ungdommen. Det beundrar eg :)

Bertin sa...

Hei Anna Kristin. Det er tydeleg at du har lagt ned ein del energi i å finna ut kva du skal bli. Når valget vart som det blei må me andre på studiet berre takke og bukke for. Eg føler meg bombesikker på at erfaringar du har, kan koma oss andre til nytte i løpet av studiet. Lykke til framover

Hanne Mari sa...

Hei du :) Det tvilar eg ikkje på i det heile tatt! Synest me har fått god kontakt allereie eg :) Gler meg til praksisvekene!

Gunnar sa...

Hei.

Tøft av deg å ta ei utdanning etter mange år som mor og jobber du ikkje heilt trivst i. Trur me yngre kan lære ein del av folk med litt lenger livserfaring enn oss. Håper du får det til å fungere med studeringa.